Skule?

Ja.. det er slik at eg har nokon vennar som synest at eg er flink til å skrive.. men det er ikkje eg enig i... Eg synest eg skrive gankse dårleg.

Men, ehh, ja, uansett så har eg tenkt å begynne med å legge ut tekstar eg har skrive i samband med skuleoppgåver. Eg har bestemt meg for dette for 2 grunnar.

1. Eg vil overbevise mine vennar på at eg ikkje er så veldig flink til å skrive, derfor skal eg dele karakteren under kvar tekst.

2. Eg vil hjelpe andre med inspirasjon til skuleoppgåver som er litt like med dei eg har hatt. Så det er lov til å bruke det eg skriv til inspirasjon.

Desse innlegga skal vere enkle å finne sidan det vil starte med «skule» i begynnelsen av overskrifta. Eksempel: «Skule: Tentamen 9, Del A, Norsk (23 november 2015)» Eg håper det er kjekt å lese litt skuletekstar (+ manus til prestentasjon) óg. I tillegg så håper eg at det vil gi ein del inspirasjon.

På skulen er det eit stort press på meg på å skrive bra, i tillegg så kjem eg til å dele tekstar med dykk er eg fortsatt ikkje var så flink til å skrive norsk. Til dømes i 8. og bygynnelsen av 9. Det kjem til å vere rare setningar og mange skrivefeil.

egermegogslikerdet.blogg.no

Uheldig nr 1

Klokka var 10 på kvelden og eg + han far dreiv på med noko bak datamaskina da døreklokka ringte, (eller vår døreklokka seier "pleier"). Eg såg rart på han far mens eg sa "pling??". Han såg meg bare spørrende tilbake. Så eg gjekk ned til døra for å sjekke. Og der stod 2 av mine vennar i full matrosdrakt med redningsvestar på. Dei kom for å hente meg med på ein liten kveldstur med motorbåten, og dei hadde til og med ein ekstra redningsvest med seg for meg.

Vi bestemte oss for å ta med den lille oppblåsbåten vår og binde den fast bak motorbåten. Mens vi dreiv på å pompe luftbåten opp kom sjølvsagt hu mor heim. Når mine vennar allereie var godt ned til vatnet fekk eg mykje kjeft av hu mor. Så luftbåt på slep blei det ikkje, den blei liggande igjen på land. Men ein fin tur blei det. Eg fekk til og med kjøyre båten!! YEY!!

Da vi var kommet tilbake (23.15) bestemte vi oss for å padle litt i luftbåten, og kveldsbade litt. Eg tok med meg jentene 1 og 1 litt ut på vatnet. Det var sjølvsagt eg som padla og dei satt der og slappa av og koste seg.

Ja, nu kjem det. Da eg skulle gå ut av luftbåten... bomma eg på bryggja... Det er vanskeleg å stå i ein luftbåt så ein må gjere det raskt... foten min traff ikkje plankane... bare sklei forbi... hendene greip etter noko å holde seg i.... og der låg eg med 1 fot i båten og 1 for i vatnet.... Off, det må ha sett så komisk ut, for venna mine bare ledde og mora seg. Da eg etter ein stund endeleg stod på bryggja forsatte vi å more oss litt til, og eg gjekk til og med ned i luftbåten igjen! Men det som eg ikkje la merke til før eit av vennane mine sa ifrå var at det rannt blod over beinet mitt. Oi, shit, eg hade fått eit ganske stort sår på beinet. Rett under kortbuksa akkuratt der den slutta. Så neste dag bare gnei buksa seg over såret, noko som var både vondt og irriterande.

Positivt: Eg fekk kjøyre motorbåt, eg l?rte å passe på med å stige ut av luftbåten, og at bryggja kan gi sår (smart å vite når ein skal bade der)

egermegogslikerdet.blogg.no

Eit utdødt håp

Ein gang, da eg var liten hadde eg eit håp. Eit håp om at foreldra mine skulle bu ilag for alltid, eller i all fall resten av livet. Det håpet døydde litt ut da han far flytta til Noreg. Men håpet kom tilbake igjen da eg og hu mor flytta etter 2 år seinare. I år har håpet blitt mindre, og for nokon dagar sidan døydde det heilt ut... Håpet er vekke.... Eg er lei... vil ikkje.... men veit..... Dei kjem til å reise frå kvarandre snart......

Heilt frå eg var lita har hu mor fortalt meg at dei bare bur ilag på grunn av meg... men ja... da hadde eg håpet fortsatt.... Vel no skal eg gå over på det som skjedde for nokon dagar sidan, og eg vil på førehand seie undskjuldt til mine beste vennar som fekk rare og triste meldingar frå meg den kvelden.

Det starta med at eg nemnte for hu mor at sykkelpedalen av sykkelen var øydelagt. Hu mor bare såg på meg med store auge, og ho var tydeleg ikkje fornøygd, men eg syntest at ho burde få vite det ho óg. (eg bruker hennes sykkel, for min er litt for liten for meg) Så sa han far: "Det er nokk min feil, det var eg som retta pedalen, og da lurte eg allereie på om dette kom til å gå bra." Det var dette som stara det heile.

Det neste eg hugsa var at eg storma opp på rommet mitt, og låste meg inne. Heiv meg på senga og gråt. Eg var sint, forbanna, trist, lei meg, rett og slett mykje på ein gang. Men mest av alt ønskte eg meg langt bort. Vekk, vekk frå alt... Ville ikkje vere her... Ville vekk... Tenke på nokon anna, stenge det ute... Lyden... Eg vart så desperat etter å stenge ute at eg begynnte å sende vennene mine meldingar. Snakk med meg, har dykk noko å snakke om. Desperat... Trist... men klarte ikkje å skrive eller seie det til mine beste vennar kva som eigentleg skjedde.

I mellomtida høytre eg krangelen blir verre og verre. Hjelp.. Eg vil vekk.... vil ikkje høyre... Vil ikkje vere... Eg bare grå og prøvde å stenge ute skrika, orda, prøvde. Men om det hjalp, nei. Prøvde å tenke på noko anna, prøvde å ha ein samtale med mine vennar... Men nei..Eg bare gråt og følte at det gjorde vondt å bare ligge der, høyre, prøve å stenge ute... Vekk, det var det eg ville...

Da skrika og orda endeleg tok endeleg var døydd ut, sa eg god natt til mine vennar og hadde vanskar med å få sove.

Neste dag våkna eg med ein veldig kvalmande følelse. Denne dagen drakk/åt eg 2 glass med smootie, ikkje meir, ikkje mindre. Ingenting. Eg skulle også på film, Grusomme meg 3, noko som eg også gjorde. I bussen  til sentrum av kommuna ved sidan av hadde eg ein følelse av at eg måtte spy. Den følelesen hadde eg mens eg gjekk til kinosalen, og i kinosalen mens det var reklame. Heldigvis tok sjølvaste filmen mykje av oppmerksomheita og konsentrasjonen at følelsen forsvant litt. Den var der fortsatt eit sted i bakgrunnen. Etter filmen måtte eg vente på buss i 1 time og 20 min. Eg gjekk bare rundt i sentrum, kvalm og dårleg. Då eg endeleg var heime, låg ein lang, lang stund bare på sofaen. Gjorde ingenting, følte bare kvalmen. I form til å gjere noko var eg heller ikkje. 

Foreldra mine har krangla mykje meir enne bare denne eine, men det var slik at mitt håp døydde heilt ut.

Positivt: ???

egermegogslikerdet.blogg.no

Uheldig

For nokon dager sidan så var det ein heilt vanleg kjededag. Alt var kjedelig og det skjedde ingenting. Eg var også aleine heime.

Den dagen hadde eg bestemt meg for å sykle til sentrum ca. 45 min viss ein tek det med ro og ca. 30 min om ein tek det som ein trening. Eg tok det heit med ro, og det var faktisk veldig godt å vere ute litt, og bare tømme hjernen for ulike ting.

Etterkvart la eg merke til at den eine sykkelpedalen var litt rar, men pedalen har alltid vore skeiv (før han far retta han opp for nokre veke sidan) så eg tenkte ikkje noko meir over det. Bare sykla vidare, men tankane var eit heilt anna sted enn på vegen, der dei burde vere.

Framme i sentrum fant eg fram varene på handlelista og eg såg meg litt rundt. Det var nemleg 10-kroners marknad :-). Da eg hadde alt (-gullrøter), betalte eg hos hu mor og gjekk for å kose meg med is og smootie ute i fin veiret. Sjølvsagt måtte eg tilbake for å kjøpe gullrøtter, for eg hadde sjølvsagt gløymt noko.

Eg veit at ein kanskje tenker at overskrifa ikkje passer, men tenk om igjen i så fall..... for.... da eg skulle til å sykle heim att datt den eine sykkelpedalen av!! Eg prøvde å feste den på igjen, men det var ikkje så enkelt.... dessverre... Etter ein liten stund fekk eg han til å sitte og med skitne hender sykla eg litt vidare, det varte ikkje lenge. Pedalen var fortsatt veldig laus, så eg dytta han tilbake igjen med foten kvar 5. runde.


Oi, shit, der ringte telefonen. Eh... eg må finne eit sted å stoppe... Det var hu bestemor som ringte. Eg ringte tilbake, og oops.... Stakkars bestemor, eg forsvann midt i samtalen, for eg hadde ikkje meir pengar igjen p telefonkortet. Ringe til utlandet kostar ein del.... eg sykla litt vidare og DER ga sykkelpedalen heilt etter.... uansett kva eg prøvde, feste seg ville han ikkje, så eg prøvde å sykle med bare 1 pedal, kan godt sei at det gjord ganske vondt i den einefoten etterkvart. Til slutt bestemte eg meg for å prøve å ringe han far for fort kom eg ikkje fram. Men eg hadde jo ikkje meir pengar igjen på telefonkortet. Eg var heldig med att telefonen hadde spart nokre få kroner til naud. Eg fekk akkuratt forklart han far kva som hadde hendt.... Han skulle komme så raskt han klarte.

I mellomtida hadde ikkje eg tolmodigheita til å vente, så eg strevde meg med vidare. Eg kom faktisk heilt fram til tunnelen (1/3 del) og eg sto og lurte på om eg skulle begynne å gå rundt tunnelen eller bare vente på han far. Eg bestemte meg for det siste, sidan han kunne komme når som helst. Der satt eg på rekkverket, med maur rundt meg overalt i 32 min.... og endeleg kom han far.... Eg hadde hanskje klart (veldig usikker) klart å komme meg rundt tunnelen på den tida. Det var veldig godt å komme heim igjen!

Positivt: Eg kom meg heim med bare nokre få skrammer + blåmerker.

egermegogslikerdet.blogg.no

Aleine

Det med at det gjekk så bra kunne eg bare drømme om... Det er jo sommerferie. Yey, tenker nokk dei fleste, men det gjer ikkje eg. Ferie betyr ikkje noko å gjere som betyr mykje heime aleine som igjen betyr mange einsame timer som her igjen betyr at tankane surrar og går. Når tankane surrar og går tenker eg ganske mykje på dei dårlege tinga som  har hendt i mitt liv.. og nokon ting kjem så hardt tilbake at eg må oppleve det ein gang til, bare psyksik... eg har klart å stenge det ute rett etter det skjedde, men det kjem tilbake, om og om igjen... Til slutt blir det for mykje og det må ut. Da skriv eg det her... men det er bare ein kortvarig løysning..


Det å skrive det her er eigentleg bare ein måte å stenge det ute på, igjen, ein får på ein måte ikkje snakka om det med andre. Og som erfaring med å komme ut av skapet veit eg at det er utrolig hjelpsom å få snakka om det. Viss ein bare stenger det ute heile tida blir ikkje akkuratt livet betre. Slik eg gjer.... dessverre... Det hadde vore så mykje enklare om eg bare fekk til å snakke med noko. Men det er på ein måte "trygt" å skrive. I stedenfor å snakke... Snakking er så vanskeleg, eg føler bare at alt kjem i vegen, alt skal prøve å hindre at eg ikkje snakkar med nokon om det. Det er kanskje enklast når dei sit i levande livet ved sidan av ein, men det har eg aldri prøvd. Det eg veit at eg ikkje klarar å snakke om vanskelege ting med andre via telefon eller skype for sovidt óg, iallfall ikkje ting som anngår meg. Off, tenk om nokon av dei som eg tørr å åpne meg litt for bare kunne sitte her, ved sidan av meg. Klemme meg, trøste meg mens vi prøvde å snakke, uansett kor lang tid eller kor vanskeleg det er for meg.. Bare litt hadde hjulpet så utrolig mykje.. men nei da... her er eg... som skriv rare og kompliserte meldingar (som ein må driv å tolke) når eg har det vanskeleg... kjem ingen vei med det... og så det neste eg gjer er å late som om alt går så bra så.

Kvifor bur dei beste personane så langt vekk...?

Sjølv om eg seier det går bra, det ordna seg. Så treng også eg å snakke. Uansett kor mykje eg unngår det. Eg veit at eg ikkje får det til, men det hadde likevel vore verdt eit nytt forsøk. Eg klarar det ikkje.... eg har prøvd så mange ganger, men dei personane veit ikkje at eg slit med å snakke... det gjer det bare enda vanskeligare... kan ikkje livet bare vere enkelt..? Eg sei bare det går fint det ordna seg, men dessverre så meiner eg det motsatte, for eigentleg blir alt bare verre og verre for kvar ting som skjer, og det har ikkje skjedd lite. Viss det skjer fleire forferdeleg ting i mitt liv veit ikkje eg korleis eg ville ha reagert, ville heilt sikkert ha forandra meg ganske mykje...

Når eg opplever/gjenopplever noko våknar eg alltid veldig kvalm neste dag, det vil da vare halve dagen ca. På ein slik dag klarar/orka ikkje eg å ete noko mat. Det einaste eg overlever på ein slik dag er 1-2 glas smootie... Fy søren, eg kjem til å miste nokre killoar i sommar... håpar bare at eg ikkje blir like tynn som eg var på mitt tynnaste...

Kvifor unngår eg å snakke med folk?  Det er jo så nødvendig. Eg er så dom! Eg kan snakke om alt og ingenting, unntatt det som er vanskeleg i mitt liv. Klara bare å skrive det i lange tekstar, for å så publisere det på ein anonym blog... Eg er ein mester på å late som om eg har det bra, når eg eigentleg dør på innsida. Og det verste av alt er at eg driv å still meg sjølv spørsmål om musikk...

Kvifor måtte eg komme i kontakt med musikk? Det er det einaste som held meg i livet, men er det verdt det? Leve for musikken? Nokon gonger skulle eg ønske at eg aldri kom i kontakt med musikk...

Som det går ann å skjønne så er mykje aleine tid ikkje noko bra for meg. Eg tenker for mykje når eg er aleine. Eg vil be om 1 ting denne ferien. V?rsosnill, blogg hold deg på nesten same lengd med negativ informasjon enn det du hadde før ferien. V?rsosnill, ikkje veks med så veldig mykje negativt for denne gong...

Undskjuldt for alt det her, det kan umuleg vere kjekt å lese. Aleine... det er trist, vondt, ekkel, skummelt og ikkje minst kvalmandes. Musikk kvar er du? Eg treng deg musikk? Hjelp...

Positivt: Eg har iallfall 1 måte å stenge ting ut på... og eg har iallfall 1 ting å leve for uansett om det er verdt det eller ikkje...

egermegogslikerdet.blogg.no

UKM!!!

Idag vil eg dele noko positivt sidan det er så lenge sidan eg har posta noko. Det er jo ganske positivt for da er det også lenge sidan det har vore noko som har plaget meg så utrolig mykje. Idag vil eg fortelle om min opplevelse med UKM 2017.



Det heile starta sjølvsagt på lokalfestivalen. Her var det umulig for meg å komme vidare, for eg konkurerte mot ein trommis (spelt i over 10 år, veldig flink, har vore på landsfestivalen før) ein gitarist (spelt i over 8 år, sjølv laga låt, utrolig imponerande) ei jente med sang + piano (sjølv laga) og ei jente med sang + gitar (sjølv laga og fantastisk). I fylket som eg bur er det ein stor fordel å lage sangen sjølv, og det var bare 3 som kunne gå vidare. Altså det kunne umulig vere meg. Men, men, men..... det skjedde likevel!! Eg var så glad, YEY! Eg får lov til å reise på fylkesfestivalen igjen!! For 3. gang!

Det domarane eigentleg hadde gjort var å sende alle som var frå min kommune vidare. Dei ville ha med flest muleg, og sidan trommisen og gitaristen spelte i eit band med ein frå nabokommunen kom dei med vidare der (vi og nabokommunen har lokalfestival ilag). Tusen takk for det!

Fylkesfestivalen var neste stopp. Her skjedde det veldig mykje, programmet var ganske tett så mykje tid hadde vi ikkje. På heile fylkesfestivalen var eg mest ilag med bandet. Eg skal mest sannsynleg bli medlem av bandet når eg får instrumentet mitt i elektrisk versjon. YEY! :-) På fylkesfestivalen var det nokre ekstra konserter itillegg til dei sjølvaste framsyningane. Det var 1 på åpninga av fylkesfestivalen og ein i kyrkja. Eg var ein av dei deltakarane som fekk lov til å spele ein gong ekstra, i kyrkja da men jaja. Og sjølvsagt ville eg at mine vennar (rockebandet) skulle vere med å sjå på meg som spele. Men dei ville ikkje sidan det var i ein kyrkje. Etter kvart fekk eg iallfall med meg trommisen og gitaristen. Spelinga i kyrkja gjekk veldig bra, all sei eg det sjølv. På sjølve framsyninga fucka eg det til, og ikkje akkuratt litt heller. Eg var ikkje fornøygd i det heile tatt. Alt gjekk så dårleg. Bandet skraut av meg, men dei hadde høyrt det. Foreldra mine skraut men også dei visste at det hadde gåt rett i dass. Det var denne framsyninga som talt for å komme vidare!! Hjelp! Eg for beholde målet mitt i enda eit år da. UKM sluttar her slik som det har gjort dei andre gangane... (Unntatt første for da rauk eg ut på lokalfestivalen).

Dagen etter... Eg var på skulen og hadde lagt frå meg alt som hadde med UKM å gjere, noko som var gankse unødvendig for det kom ganske raskt tilbake. Det starta med at eg fekk ein melding på telefonen. Eller høyrte at eg fekk ein melding, det er nemleg slik at telefonane våre er låst inne i eit skap i skuletida. Det lille plinget fekk nervane mine til å hoppe å sprette i alle retningar. Ein kan godt sei at eg ikkje har peiling på kva som skjedde i den første timen. "Kven sender meg melding midt på skuledagen? Alle veit at telefonane ligger innelåst og utilgjengelig. Med mindre... har eg snart fullført målet mitt som eg har hatt i 4 år??!! Har eg?! OHHH.... Så spent som eg var når eg visste at det ikkje var meg likevel var heilt utrolig. Det skjer bare ikkje eller?!

I andre time blei spenninga for stor, eg klarte ikkje å la ver, måtte vite kven det no var som hadde godt vidare. Det var naturfag, samarbeidsprosjekt med datamaksinar. Tema: det ytre forsvaret og immunforsvaret. Men i min hjerne var temaet UKM. Han eg jobbet sammen med merka at eg var der samtideg som eg ikkje var der. Han visste også kva eg hadde gjort i helga, så vi sjekka ilag... og der stod det... ...... ...... ...... på ..... frå ......... er komt vidare  med mixinnslaget. Whait!! Whait!! Det var mitt namn jo!! AHH!!! Hjelp!!

Resten av dagen var eg bare glad, forbaust, utrolig glad og rar. Men det å fortelle det til andre, neida. Eg hold bare munnen stengt eg. Folk merka sjølvsagt at det var noko for eg pleier å vere trist og stille på skulen. Nei, off, eit av dei beste dagane i mitt liv, men kva er mixinnslag?

Det første møtet med mixinnslaget. Sidan dei andre 3 bur heilt på hi sida av fylket var det eg som måtte reise, med det store instrumentet. Reisen startet med 2 timer bil, og enda med 3 timer og 10 minutt båt. Da eg endeleg var kommt fram stod resten og venta på meg på kaia. Vi blei visst rundt på plassen og fordelte sengene. Rett etter det var vi allereie igang med å brainstorme. Vi fekk utrolig mange ideer. Eg hadde også laget ein liten intro heime som eg framførte, vi brukte den aldri men kom iallfall godt igang. Istedenfor brukte vi to deler frå ein filmlåt og gjorde det om til ein intro. Etterkvart kom eit av dei vaksne med 2kg smågodt, som seinare blei fylt på med enda ein kilo. Da klokka nærmet seg 3 på natta hadde vi bakrunnsmusikk for intro og vers. Eg trur vi ungdommar la oss rundt 5 tida. Neste dag var det hard jobbing, veldig mykje brainstorming, tankeskriving og veldig mykje tekstskriving. På norsk... Eg pleia å skrive tekstar på engelsk sjølv om eg er veldig dårleg i engelsk for at alle vennane mine skal forstå teksten. Vi var ute og lufta oss av og til og vi skreiv og skreiv, og lagde bakgrunnsmusikk. På sønndag var det siste dagen, vi lagde dei siste delailjene, melodi og rytme til rappen. Vi fekk faktisk inkludert alle saman!! Og sangen blei kjempe kul! Alle var fornøygde, det var nokk det beste! Sandnes next. Eigentleg skulle vi bare skrive ein ramme på sangen, men vi skreiv heile og fekk til og med litt tid til å finnpusse på han! Vi lagde også øvingstrack. 1 med alle, 1 uten med, 1 uten rap osv. På slutten av helga hadde vi lite godteri og mykje musikk ;-) Turen heim att var lang. Det var ikkje så mykje plass på båten så eg måtte stå, eller eg enda opp med å sitte mellom ein haug med bagasje. På eit stopp der det var veldig mange som skulle av kom det også ein 4Her inn på båten. Den siste timen av båtturen satt eg ilag med han og snakka. Han skulle til hybelen sin :-).

Sandnes. Først gjennom marerittet av ein busstur på 12 timar... Då vi kom fram gjekk vi først med all bagasjen til matsalen, men så kunne vi ta med alt ut igjen for vi skulle sove i gymsalen som var i det andre bygget, og sjølvsagt skulle mitt fylke ligge i den bakerste salen! Det var j?vli langt å gå! Iallfall føltest det slik når ein har mykje bagasje. Endeleg var vi framme i Sandes og på Landsfestivalen til UKM.


Dag 1. Det første vi gjorde var å åpne heile festivalen + utstillinga. Akkuratt denne dagen var eg ikkje så interessert i utstillinga. Eg var for spent på alt det andre som kom til å skje, at eg bare gjekk fort gjennom og ikkje hadde interesse for utstillinga. Fekk ikkje med meg så velig mykje av utstillinga akkuratt. Det var bare 1 ting kvar eg faktisk stod litt lenger og det var den med 42 plakater, veldig detailjert teikna. Det var til og med ein liten Star Wars figur på den!!  Kunstnaren brukte bare eit halvt år på , så datailjert!!! Som ein kanskje kan tippe så blei eg ganske god venn med kunstnaren.

Etter utstillinga gjekk vi til sirkusteltet kvar det skulle vere ein overraskelse. Det var den beste åpninga nokon sinne!! Med stilige flammer, kul jonglering, mykje musikk, mykje bra dans (oppå borda) fargerike UKM balonger som kom ned frå taket og sprudlande konfetti. Eg og den kule kunstnaren var fullt med å dansa, hoppa og spretta rundt på borda. Off, det var heilt fantastisk!! Og vi stod faktisk undet nettingen med fargerike UKM balonger da nettingen åpna seg!! Kunstnaren klarte ikkje å la vere å hoppe opp på dei fine, flotte og fargerike UKM balongene. XD

Dag 2. Blend. Alle møtte opp utanfor sovebygningane og Flashneon (blenden som eg var på) gjekk ned til sirkusteltet. Alle var med på ein danseoppvarming, og dei neste timane enda musikkarane bare opp med å gå rundt og gjere ingenting. Her blei eg kjent med 3 nye dansarar og 3 nye musikkarane. det var litt koseleg å snakke med musikkarane, men det var veldig domt at vi ikkje hadde noko å gjere. Litt seinare bestemte den vaksne som hadde ansvaret for musikkarane seg for at vi skulle gå opp på skulen og begynne med å lage musikk. Endeleg, men kvifor akkuratt når eg skulle ha lydprøve!!??

På Greenroom var resten av mixen allereie kommt saman, og eg starta bare med å pakke ut instrumentet. Vi venta og hadde lydprøve. Noko som eg syns gjekk strålande, med det syntest ikkje dei andre. Etter lydprøva måtte vi gå for å lage ein liten film på 5 sekunder osm skulle visast før vi komm inn på sena. Vi klarte ikkje å bestemme oss for kva vi skulle gjere. Det blei ein liten kortfilm til slutt, ikkje den beste, men jaja. Så var det venting, og venting ganske lenge på å få snakke med konfiransierane.. Alt tok så lang tid..

Da eg kom tilbake på blenden (noko som tok meg litt tid til å finne sidan eg ikkje visste kvar på skulen dei var...) var det lunsj tid.. likevel bestemte eg meg for å pakke ut instrumentet først. Etter lunsj kom det største sjokket på UKM. Flashneon, blenden. I min hjerne, etter beskrivelsen på blenden, var det sånn hiphop musikk eller i allfall musikk med litt power i som vi skulle lage... men dei spelte fuckings (undskjuldt for språkbruket) FOLKEMUSIKK!! Ahh!! Eg kjem frå ein kommune der det blir spelt folkemusikk på alle konsertane, da for det vere nokk... Ikkje folkemusikk her óg... Det havna opp med at eg var med på bare 1 av låtane (den enklaste :-( så det trengtest ikkje å øve så mykje på..) og resten av tida satt eg bare der å venta til blenden endeleg var ferdig. Jo, greit eg fekk også lov til å spele ein sololåt på framsyninga... men det er på framsyninga... Helst utanåt.... 5 SIDER!!!.... er ein blitt heilt gal eller!!.... det er bare 2 dager igjen til framsyninga!!

30 minutt før framsyning 1 starta skulle mixen øve litt sidan resten ikkje var så veldig fornøygd med lydprøva. Ein kan godt sei at det var mykje kødd. Etterkvart så var eg lei av å øve, og eg følte at eg kunne det, resten fortsatte litt til. Eg var faktisk også så heldig med å kunne få med meg slutten av innslaget til ein god venn av meg. Yey, Det var utrolig bra!!

Framsyning 2 nærmar seg... og nervane stig... Eg pleiar aldri å grue meg til å stå på ei sene, men no gjer eg det. Eg trur eg grua meg fordi eg endeleg skal fullføre eit mål som eg har hatt i 4 år... Endeleg!! Ah.. så gruso mt det er å vere nervøs og grue seg.. Off, takknemleg for at eg slepp det på dei andre opptredena mine ass... Der var framsyninga i gang.... nervane blei villare... og klompen i mange veks og veks... den blei bare større og større desto nærmare vi kom våras tur.. Der blei vi henta for å stille oss bak sena.... nervene og tankane spretter alle kantar.... no er det snart oss... Hjelp... okay, ein treng bare å gå fram.... sette seg... og starte med å spele.... Der nemne kofirasierane mixen... no er det våras tur.... Med ein gong eg satt og spelte den første tonen forsvann alle nervane og løysna knuten seg opp. Alt var bare heilt fantastisk og perfekt der eg satt og spelte!! Endeleg fekk vi vise fram kva vi hadde jobba så hardt med. Endeleg. Akkuratt no skulle eg ønske at innslaget vårt aldri tok slutt... Det var så fantastisk der framme på sena!

Om kvelden øvde fylkene våra på korslaget, der det var 3 og 3 fylker som var blitt satt saman som eit kor. Eg fekk ansvar for at heile koret skulle komme inn på rett plass i sangen. For eit ansvar for ein liten tenåring!!

Seinare den kvelden satt eg og nokon andre deltakarar ute i gangen og hadde det kjekt. Vi ledde og snakka stille, døren til sovesalen var igjen slik at vi ikkje forstyrra dei som faktisk vill sove. Alt var veldig koseleg og kjekt heilt til.... vakten kom og øydela... gå å legg dykk. Til slutt høyrte eg endeleg på vakten og gjekk for å finne tannkosten min og kom tilbake for å pussetennene.. denne gongen hadde eg valgt å bruke jentedoen, og det var ingen der inne... så kom den j?vlige vakten (han) inn på doen og heiv meg ut!! Kva f***!! Eg høyrte på han jo!! Eg hold på med å legge meg!! Eg gjekk, venta i 5 minutt, og bare gjekk tilbake igjen! Hadde ikkje tenkt å øydelegge mine tenner bare på grunn av ein dom og teit vakt!

Dag 3. Enda nokre kjedelege timar med blend... Det heile starta med at instrumenta skullen ned til sirkusteltet. Ja, mitt store instrument óg.. Det tok f*** meg 1 1/2 time å komme seg ned til teltet!! Når vi skulle reiste med bil!! (10-15 min gåing...)Instrumentet inn i bilen, men kvar gong vi skullle til å køyre blei vi stoppa for å ta med fleire ting. Vi kom oss ned til slutt da, men det tok uhørveleg lang tid... Endeleg nede. Hadde danserane funnet sin eigen musikk. Eg syns ikkje akkuratt at det var eit særleg godt samarbeid mellom dei vaksne som hadde ansvar for dans og musikk innanfor Flashneon. Det som var kult var at ein frå Media tok nokre breaktrick mens vi hadde ein liten pause. Det havna på ein eller anna rar måte med at han breaka på framsyninga mens eg spelte min solosang!

Etter blenden gjorde i oss klare for korslaget og jonsoksfeiringen. Vi hadde eit tog bort til sirkusteltet. Det var kjempe god stemning!!! Med sangen som vi hadde sang dessverre publikumet feil. Dei sang det 2. verset når det var mellomspel og begynte på refrenget når vi skulle til å begynne på det andre verset. Det sang refrenget med versbakgrunnsmusikk!! Vi i koret blei ganske forvirra iallfall så bei eg det. Etter ein liten stund så bestemte vi oss bare for å følge publikumet. Likevel så blei denne kvelden veldig vellykka!


Denne kvelden blei eg og nokon andre hevet i seng av den same vakten som heiv meg ut av doen dagen før... Vi satt der bare og sang rolege sanger, vi hadde det bare koseleg og kjekt og klokka hadde ikkje n?rma seg 2 enda. Det var veldig unødvendig at den same vakta skulle øydelegge.... igjen... 

Dag 4 og 5. Denne dagen starta alt for tidleg... Flashneon skulle møte opp kl. 08.00... Jaja, eg våkna kl. 06.00 av ein smertekamp med beinet mitt (noko eg arva frå faren min.. det tek 3-5 timar før det sluttar å gjere vondt, men dei først 10-15 minutta er verst.) Etter det så bare låg eg der i soveposen og gadd ikkje å bevege meg meir... Heilt til ein av fylkesleiarane kom og vekte meg, eg var 1 av dei få som skulle på blend så tidleg.. Det einaste vi gjord på blenden var bare å gå gjennomshowet gang på gang... Etter det måtte eg halte/hinke meg bort til hi sia av Sandenes for det var der lunsjen var... off.. lunsjen var ikkje så god... jaja, det var morosamt å få leike seg med neonmaling og neon hairspray. Ein kan godt sei at eg elsket malingen og sprayen.

Beinet slutta å gjere vondt ca. når neonshowet i teltet starta. Showet gjekk heilt greitt. Eg fekk også litt tid til å se på Plur-id og kulten. Strange. Alle blenda var ferdige og eg og ein venn frå same fylket låg å slappa av da eg fekk ein ny smertekamp...

Resten av dagen gjord eg eigenteleg ikkje noko meir anna enn avsparket i sirkusteltet og møtte 2 nye og heilt fantastiske folk!! Vi dansa og hadde det gøy (og vondt...) Eg veit ikkje kor lenge vi var der, men det var ein god stund. Desse fantasitske folke var til og med villige til å døgne ilag med meg!! Tenk å møte 2 heilt nye personer og kunne snakke med dei om alt og ingenting. Det var heilt fantaksitsk. dei inkluderte meg faktiske i samtalen!! Yohei!! Det er det få som gjer. Og eg klarte faktisk å åpne meg litt for dei!! I sirkusteltet så var det ein bitte liten episode i min hjerne og dei såg litt spørrande på meg, og så ploppa det bare ut av meg!! Det eg aldri har sagt til nokon før datt bare ut av munnen min... Hæ!!?? Korleis!!?? Det beste av alt med desse fine personane er at vi fortsatt har kontakt!! Love U!! Det var trist å måtte seie farvel med dykk...


 

Takk for meg UKM!!!

egermegogslikerdet.blogg.no

Riv

Eg skypet med min beste venn. Vi snakket om avtalen, kva slags utfordringar det kjem til å føre med seg og ikkje minst kor mykje eg må prøve. Mens vi dreiv å snakka om dette satt eg  å fikla med avskjedsbrevet. Beste vennen min merket det, eg hadde visst eit spesielt blikk i augane slik at han kunne se at eg tenkte på noko alvorlig eller noko sånt. Iallfall vi bestemte iss for å rive brevet...



 

Først og fremst bare stirrer eg på brevet, det var mange tankar som surra rundt i haudet. Eg skulle rive det, med hjelp da. Eg skulle gjere noko eg aldri i verden hadde funnet på å gjere sjølv. Nokre spørsmål kom fram. kor avhengig er eg? Kor nær døden var/er eg? Mykje rart susa gjennom haudet. Min beste venn sa: "RIV!" "Komien dette klara du".

Eg tok tak i brevet med begge henda, var klar til å rive, skulle til å rive viss det ikkje var at kroppen protesterte. Kanskje det ikkje var kroppen som protesterte men hjernen. Alikevel vennen min heiet på meg og eg kunne ikkje ha brevet for alltid, kan eg vel? Det har såra så utrolig mange.

Eg skulle så absolutt rive brevet. Eg la frå meg brevet og prøvde på nytt. Etter kvar reiv brevet i 2 like store delar over ein brette linje. Eg hadde klart å rive det. Etter første delinga kjente eg ein sinne boble langsomt oppover. Ein sinne som skulle rive heile brevet. Eg reiv og reiv og reiv. Når kroppen begynte å protestere igjen hadde eg 15 like store delar.

Eg var svett og sliten, sur og glad, letta og skremt, mykje på ein gang. Min bestevenn syntest at eg hadde gjort ein god jobb, og at det var nokk for idag. Nå snakka vi bare om mykje rart.

Etter denne hendelesen skalv eg utrolig mykje. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere. Det som var mest ukomfortabelt med rivinga var å merke kor viktig brevet var, kor avhengig eg eigentleg var, og ikkje minst kor nær døden eg eigentleg var. Eg er utrolig stolt over at eg til slutt klarte å rive brevet i 15 heilt like store bitar, men eg er fortsatt for svak til å kaste desse bitane i søpla.

Positivt: Brevet består no iallfall av 15 delar i steden for eit stort eit.

egermegogslikerdet.blogg.no

Avtalen

I desember var eg invitert til eit juleball i ........ Selfølgeleg måtte eg reise dit. Eg kunne ikkje reise på skulen, fordi eg var for sjuk. Korleis skulle eg klare meg på eit juleball som vara i 6 timar, i tillegg til at eg måtte overnatte hos ein venn. Eg kan jo ikkje ta ein buss heim klokka 2 om natta. 

Klokka halv 4 tok eg bussen til .......... og var framme ca. Halv 6. Vennen min gjekk i den klassen som arangerer ballet, så vi måtte vere der ein halvtime før resten. Da vi var der var det utrolig vanskeleg å vente i ein halvtime til, fordi eg visste at min bestevenn skulle komme. Han hadde eg ikkje sett før i oktober/november eit sted. Endeleg der var han!!!

Eg tola dessverre ikkje kunstig røyk, og heile salen var nesten heilt røykelagt. Sjølv om eg sa heile tida at det gjekk fint med meg gjorde det det egentleg ikkje, men eg ville ikkje øydelegge moroa. Noko som eg gjorde uansett sidan eg fekk eit kraftig hosteanfall og blei svimmel, og dette gjorde til at eg måtte sette meg ned. Bestevennen min bestemte seg for å dra meg med ut for å få friks luft.

Ute måtte eg seff hoste litt meir og begynte min bestevenn og eg plutseleg å snakke om det som er vanskeleg i mitt liv. Det som er vankeleg i mitt liv er noko som gjer min bestevenn vondt fekk eg blant anna vite.... det var vanskeleg å høyre at han syns at det gjer vondt når eg tenker på sjølvmord eller driver med sjølvskading. Han sa han skulle hjelpe meg, men at eg måtte love at eg skulle gjere eller ivertfall prøve 4 ting. Eg lovte, men bare viss han hjelper meg. Eg vil aldri klare det aleine.



 

Avtala inneberer:

 1. Ikkje tenke meir på sjølvmord

2. Slutte med sjølvskading

3. Ete meir mat

4. Drikke meir drikke

Dette kjem til å bli utroleg vanskeleg. Eg har vore døden nær utroleg mange gangar. I tillegg har eg aldri opplevd at nokon bryr seg so mykje om meg som akkuratt denne bestevennen min gjer. Dypt inne i den inerste cella mi er eg utroleg takknemeleg for at du, min bestevenn, teke på deg denna store oppgåva. Det er vanskeleg for meg å klare å tru at du bryr deg so mykje om meg, det er vanskeleg å tru at det er sant.... heilt utroleg...

Etter dette danset eg og han nesten bare ilag, på alle rolege sanger stod vi tett inntill kvarandre. For meg verket det som om han meinte at han ville beskytte meg. Det virket som ein trøst, som eit teikn til meg på at det finst folk som faktisk bryr seg om deg. At vi danset slik har betydd utroleg mykje for meg, men eg kan bare fortelle dette frå ein synsvinkel. Eg håpar at desse dansane betydde mykje  for han også.

Eg kjem ikkje til å klare det sjølv, men alt kan vere verdt å prøve. Eg har begynt på ein av dei største utfordringane mine i heile livet. Eg trenger hjelp så:



 

Ønsk meg lykke til folkens og takk for at dykk gidd å lese bloggen min.

Positivt: Eg fekk møte han og har fått vite at det finst folk som bryr seg om meg.

egermegogslikerdet.blogg.no

Avskjedsbrev



Idag vil eg dele eit brev som eg er veldig knytt til, eg er fullt klar over at dette brevet kan såre utroleg mange. Eg har hatt brevet gøymt under puta mi, og i dei tidane det var værst hadde eg han til med med meg overalt gøymt godt i bukselomma. Dette brevet skreiv eg for ca eit halvt år sidan. Og sidan har det betydd so utroleg mykje for meg, Det betyrso mykje for det er rett og slett tankane mine, bare på papir og eg kan lese dei so mykje eg vil, tenke på dei eg faktisk er glad i og som eg har mykje å takke. Eg har snakka med mange personar om dette brevet, men ingen av dei fekk lese den, ingen av dei skjønte alvoret, untatt ein... Eg må bli kvitt dette brevet, men korleis har eg ikkje peiling på. Det er so utroleg viktig at eg blir kvitt dette brevet, fordi det plagar andre sjølv om dei aldri har lest det.

Sidan dette er ein synonym blogg har eg erstatta namna med ***. Brevet går slik:

Kjære venner, familie og kjæraste,

Eg har hatt/hat eit veldig ekkelt og ukonfortabelt liv. Dette brevet er eit takke og avskjedsbrev. Eg har hatt dette brevet med meg ein stond no. Eg har mykje tenkt på sjølvmord, eg har bare utsatt det og ikkje turt å gjere det. So eg bestemte meg for å skrive takkebrev. Til og med det her var utsatt og skummelt, men som dykk ser skreiv eg detta brevet. Eg syns sjølv at det er litt skummelt å se kva eg er i stand til å gjere.

Eg veit at eg ikkje har begynt på .........skule enda. Og eg er glad for at eg for lov til å bytte skule. Eg hadde aldri holdt ut på ..... Ungdomskule. Men det er ikkje bare skulen i ..... som plagar meg. Det plagar meg også at eg er so mykje åleine. Mamma og pappa eg veit at dykk ikkje kan gjere noko med det, fordi eg kunne ha vore mesteparten av tida mi med vennar. Viss det ikkje va sånn at eg nesten ikkje har nokon vennar. Og dem eg har bur so langt vekke. Eg trenger tid til å føle meg trygg hos folk, og eg vil vere ganske stille til eg føler meg trygg. Men mange har ikkje tid til å vente på at eg blir friare. Det er vanskeleg å leve mitt liv og når ikkje musikken kan hjelpe meg lenger, er det slutt for meg. Eg er i ein vanskeleg periode no. Men det at eg blei voldtatt på Landsleiren fekk meg til å tenke. Det finst folk som faktisk bryr seg om meg. So for dem skal eg vente og sjå korleis det er på .........skule. Men eg må fortsatt seie unkjuldt for viss det ikkje går bra der heller og eg blir utanfor igjen veit eg ikkje om eg orka å leve lenger. Og som dykk ser er eg kommt ganske langt. Det er nu bare å ta ein kniv. Eller å dø sakte men sikkert, ete mindre og mindre. Det er vanskeleg med måltid frå før so kvifor ikkje bare slutte heilt.

Kjære vennar som hadde tid til å vente til eg blri tryggare hos dem. Tusen Takk for tida dykk hadde for meg og ilag med meg. Tusen Takk for all den støtten eg fekk frå dykk.

Innanfor vennar må eg spesielt takke mine bestevennar, ********, *****, ***** og dem som nokon må oversette dette til ****, ******, ******, *******. Eg veit at dette her er vanskeleg for dykk og eg elskar dykk. Dykk er best. Den tida eg har hatt ilag med dykk var heilt fantastisk. Eg veit ikkje heilt kva eg skal skrive, men TUSEN TAKK FOR ALT!!! All støtta dykk ga meg og all moroa me hadde ilag.

Kjære pappa og mamma og familie. Tusen Takk for at eg fekk leve. Tusen Takk for alt. Elskar dykk.



Desverre går det ikkje so bra på ........skule heller. Eg har ofte vore nærme, men det betyr ikkje at eg gjer det. Eg er utanfor igjen...  eg er heldig for at musikken hjelper eg gjennom mange dager. 

Positivt: No kan eg endeleg bli kvitt brevet mitt, for eg har endeleg fått det litt meir ut av haudet.

egermegogslikerdet.blogg.no

Læraren som mobba

Det å bytte skule manga gangar er heilt forferdeleg. Eg har i mitt liv bytta skule 5 gangar og til sommaren skal eg bytte skule enda ein gang. Når ein skal byte skule mistar ein alt av vennar, kjente plassar, hus og ting ein måtte kaste (for at det skulle vere enklare å flytte alt). Viss ein bytar skule mange gangar på grunn av ulike problem ein får, eller fordi ein flytta mykje blir visse ting utrolig vanskelege. Ein blir usikker på om ein faktisk skal snakke med dei andre og bli venn med dei, eller bare å la vere. Det siste valget er den dei fkeste velger og eg var 1 av dei. Koffor få mange vennar som ein veit at ein kjem til å forlate? I denne teks ten skal eg fortelle om den første skulen i Noreg.

Den første skulen min i Noreg var veldig utfordrande. Eg kunne ikkje å snakke det same språket, så eg sleit med å få vennar. Det var heldigvis nokre få personar som gadd å vere ilag med meg. På denne skulen gjekk eg i 6. klasse, men i 7. var det ei som fekk med seg ein frå 6. til å tøffe seg over meg (også kallast for mobbing). Ein skulle tro at eg syns det var utrolig vanskeleg for meg, men læraren var mykje verre. Kontaktlæraren min, han var faktisk den personen som gjorde at eg måtte byte skule, igjen. Han fekk meg til å komme gråtande heim.

Eksempel på ting han gjorde. Han sørgde for at eg ikkhe fekk svare på spørsmåla ha  stilte i klasserommet. Han tok foreksempel først alle som hadde handa nede, og så alle som rekte opp handa og til aller sist var det min tur. Det her var eit av mønstera han hadde. Sjølv om eg rekte opp handa ignorerte han meg, han ignorerte meg også da eg ikkje rekte opp handa.

Volleyball. I ein gym time hadde vi volleyball. Eg håpar at dykk er einige med meg i at ein volleyball er ein ganske hard ball, og når ein får ballen midt i ansiktet gjer det utrolig vondt. Vel, det var slik at eg fekk ballen midt i ansiktet, kontaktlæraren min ignorerte meg mens eg satte meg ned på benken. Etterkvart som andre elevar kom bort til meg for å hjelpe til ropte han bare"Spel vidare". Dei andre elevane hadde ikkje lov til å bry seg. Personlig sa han til meg slik at ingen kunne høyre det at "Ein volleyball er ein mjuk ball, og du er ein utrolig pyse som griner av dette. Komienn opp på beina og fortsett. Etter gymtime gadde vi ein matte prøve, med utrolig haudeverk.

Eg kom gråtande heim og foreldra mine tok opp kontakten med skulen. Dei reiste til skulen for å snakke, kontaktlæraren sa unskjuldt til foreldra mine. Dei avtalte også ag han skulle be om tilgivelse hos meg, noko han aldti gjorde.

Denne mannen er ein forferdeleg lærar, han gjord mykje meir mot meg, men eg trur eg ikkje skal nemne meir. Ivertfall var denne visse mannen grunnen til å byte skule etter halvt år.

Positivt: Eg møtte besten vennen min der, som fortsatt er min beste venn.

egermegogslikerdet.blogg.no

Vanskeleg å akseptere personar innanfor LGBT



 

Eg er ein transperson. Det er enkelt å legge merke til at folk slitar med å akseptere oss. Alle er unike og det er ikkje noke grunn til å mobbe oss som er litt anleis. Innanfor LGBT er eit stort spekter og alle fortenar å bli akseptert like mykje. 



 

Sjølv har eg blitt mobba, av kontaklæraren i eit halvt år. Bytta skule der var det utroleg vanskeleg å komme inn og folk syns at eg var rar, for kven byttar skule midt i eit skuleår? Ungdomskulen der gjekk det greit det første året men 9. klasse var eit mareritt. Eg bytta skule igjen rett før 10. og der kom eg for første gang ut av skapet. Medeelevane mine slitar med å akseptere meg, dei trur kanskje at eg ikkje legger merke til det. Men det var noko av det første eg la merke til. Akuratt no så er eg mykje aleine i friminnutta og ventar eigenteleg kvar dag bare på at dagen skal vere ferdig.

Det som eg syns er så rart er at folk begynte å mobbe meg før eg var komt ut av skapet, det gjor det vanskelegare å åpne dørane. Dei må nokk ha skjønt noke før eg klarte å akseptere meg sjølv.

Folk innanfor LGBT er som oftast ganske sårbare, dei er ofte usikkere med seg sjølv. Personar innanfor LGBT er heilt vanlege personar, vi har akuratt like interessar som alle andre. Det einaste som er litt annleis er koleis vi tenker seksuelt. Vi fortenar å vere likt behandla, vi fortenar å ikkje bli sett på som ein rar person, vi fortenar å bli kjent med andre før dei dommer oss for kven vi er.

La LGBT personane for leve slik dei vil. La oss få vere den vi føla oss som. La oss få vere oss.

Positivt: Det finst heldigvis nokre folk som klarar å akseptere oss.

egermegogslikerdet.blogg.no

Eg er meg og slik er det

I livet skal vi være takknemmelege for kvar dag som skjer. Det finst utrolig mange utfordringar i livet som er vanskelege å leve med men det finst og så positive ting i livet. I denne bloggen skal eg få ut dei tinga som plagar meg utrolig mykje. Eg skal heilt sikkert også dele sjølv dikta historier med dykk. Hjernen min kokar over av forferdelege ting som andre gjer mot meg, allikevel prøvar eg å finne noko positivt for kvar dag.

Livet mitt er mest sannsynleg slik fordi eg vil vere meg sjølv, og det er slik det er. Eg er ein transperson, og da forstår ein kanskje litt betre på kvifor livet mitt er vanskeleg. Det er mykje som skjer, hjernen min som ikkje stemmar med kroppen, folk som ikkje respekterar, eg som gjer rare ting og folk som faktidk bryr seg er også litt vanskeleg å gjere noko med sjølv om ein er veldig takknemeleg.

Denne bloggen skal vere annonym, det er grunnen til at det står at eg er 0 år og bur i utlandet. Eg bur selfølgeleg i Noreg eit sted, men det er ikkje alltid like kjekt at alle veit kven eg er og akkuratt kva eg tenker. I denne bloggen vil alle plassnamn bli dekkte led ..... og alle namn med ****.

Min motto for livet er:

Eg er meg og slik er det

Gjer mot andre det du vil dei skal gjere for deg

Ha det kjækt med dei som bryr seg om ein

Positivt: At eg endeleg har fått tilbake eit sted kvar eg kan tømme hjernen min.

egermegogslikerdet.blogg.no

Les mer i arkivet » Juli 2017 » Februar 2017 » Januar 2017
I am my self

I am my self

0, Utlandet

Eg er ein person som prøver å vere seg sjølv.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits